Noreg støttar HIV-førebyggjing i chilensk transportsektor

Última actualización: 12-12-2011 // Den første politiske innsatsen for HIV-førebyggjing i Chile har som målsetjing å auke kunnskap om HIV og effektar av viruset innan transportsektoren.

Dei første retningslinjene om HIV-førebyggjing i den chilenske transportsektoren vart presentert i Santiago i byrjinga av desember. Med desse retningslinjene har  ein som målsetjing å spreie og auke kunnskap om HIV og konsekvensar av viruset innan transportsektoren i Chile. Noreg bidrar med økonomisk støtte til utforminga av retningslinjene.

 Arbeidsminister Evelyn Matthei og Guillermo Miranda, sjef for Oficina de la OIT for det sørlege hjørnet av Latin-Amerika, deltok under lanseringa av dei nye retningslinjene i hovudkvarteret til OIT Chile i Santiago.

Forhaldsreglane for HIV-smitte, som er den første politiske innsatsen for HIV-førebyggjing i den chilenske historia, søkjer å danne rom for førebyggjing på bedriftsnivå for å samarbeide om tiltak for å beskytte arbeidstakarar som dagleg lever med fare for smitte.

Evelyn Matthei understrekar at dette ikkje berre er eit helserelatert tema, men òg eit tema med relevans for arbeidslivet, der ein framfor alt bør auke fokus på prevensjon.

-Det hastar å få ein nasjonal politikk for HIV retta mot å førebyggje og redusere utbreiinga i eit stort omfang av transportområdet, meinar Matthei.

Dokumentet som er presentert er resultatet ein konsultær prosess over meir enn eit år, der sjåførar og lastebileigarar, personar med HIV, representantar frå styresmaktene og samfunnet ellers har bidratt.

OIT annonserte óg at ein studie om skadeverknadane av viruset i transportsektoren i Arica –regionen med mest HIV i landet- nærmar seg ferdig.


Fuente: Karoline Roti/OIT   |   Comparta en su red   |   print