Chilenarar studerar småkraftverk i Noreg

Última actualización: 04-11-2011 // Representantar frå APEMEC, Asociación de Pequeñas y Medianas Centrales Hidroelécticas, henta inspirasjon og kunnskap om småkraftverk under besøk i Noreg i oktober.

Med hensikta å skape potensial for småkraftverk i Chile, organiserte Den norske Ambassade og APEMEC eit besøk til Noreg for utveksling av teknologi og norske erfaringar. Med over 100 års erfaring innan produksjon av vasskraft, har Noreg mykje å bidra med for utvikling av småkraftverk i Chile.

Likheitar innan geografi og vassdrag mellom dei to landa samt den høge norske private  interessen for å starte småkraftverk i Chile, utgjer ein reell mogelegheit for å utvide og betre sektoren i Chile.

Den norske Ambassaden har i samarbeid med bedrifta Intpow og APEMEC utvikla besøksprogrammet, som koordinerar møter mellom myndigheiter, leverandørar, finansiering, tenester og leverandørar med felles interesse i samarbeid om småkraftverk i Chile.

Chile har eit enormt potensial for utvikling av småkraftverk. Per dags dato fins det kun 36 småkraftverk i landet, men eit titals prosjekt er klare for utbygging.


Fuente: Karoline Roti   |   Comparta en su red   |   print