Norske entrepenørar i chilensk oppstartssuksess

Última actualización: 11-11-2011 // Halvard Bastiansen og Sveinung Årseth med vellykka bedriftoppstart i Santiago gjennom programmet Start-Up Chile.

Dei to unge norske entrepenørane Halvard Bastiansen og Sveinung Årseth vart nyleg tatt opp i det chilenske programmet for oppstart av internasjonale bedrifter, Start-Up Chile. Som unge, kreative og nyutdanna var dei to på utkikk etter program som kunne hjelpe dei i gong med oppstarten av eigen bedrift. Då dei fann informasjon om Start-Up Chile på eit amerikansk webforum, var vegen kort til Chile og oppstart av bedriften Pick a Student, der konseptet er å skape ein nettportal som spleisar bedrifter og studentar. Ideen er at bedriftene legg ut problemstillingar som studentane konkurrerar om å lage løysningar til, og slik får både bedrifter varierte løysningar og studentar oppnår nyttig erfaring.

For dei unge entrepenørane har drahjelp frå Start-Up Chile vore svært nyttig. Programmet er eit statleg prosjekt for å invitere til bedriftsutvikling på internasjonalt nivå, der Chile er arena for nyetablerte og kreative entrepenørar. Deltakarane får 40 000 dollar i startkapital og må opphalde seg i Chile i 6 månadar. Utover dette er det ingen krav om videre investering eller opphald i landet. Bedrifta til Bastiansen og Årseth er registrert i Noreg og rettar seg mot marknaden i USA, og har ingen annan tilknytning til Chile enn at dei er fysisk tilstade i minst 6 månadar. Likevel er det svært god tilrettelegging frå chilensk side, og det er i følgje Årseth nesten for enkelt å starte bedrift til å la vere.

I tillegg har Start-Up Chile eit internasjonalt miljø med engelsk som hovudspråk, og dei unge norske entrepenørane ser på feedback frå andre ”startuparar” som noko av den viktigaste årsaken til utvikling og forbetring av konseptet deira.

Som medlem i Start-Up Chile er nordmenna forplikta til å informere og dele erfaringane sine ovanfor chilenske ungdommar.
-Programmet er veldig bra for entrepenørar. Eg trur på sikt det kan vere bra for Chile òg, seier  Årseth. Ved å eksponere chilenarar for kreative og talentfulle oppstartarar, ynskjer den chilenske staten å inspirere og motivere lovande chilensk ungdom til å gjere det samme, og dermed bidra til vidare utvikling av landet.  

Start-Up Chile er lite kjent i Noreg. Bastiansen og Årseth har ikkje funne informasjon om programmet frå norske kjelder, og prøver difor å spre ordet til andre entrepenørar i oppstartsfasen.
-Mange nordmenn kan ha nytte av Start-Up Chile, meinar Bastiansen. Som deltakar i programmet får ein god starthjelp både økonomisk og med kontorlokale, visum, flybillettar og bolig. Utover dette styrar ein sin eigen bedrift som ein sjølv ynskjer. Start-Up Chile gir dessutan ubegrensa friheit til å opphalde seg der ein måtte ynskje i landet.

Bastiansen og Årseth er óg fulle av lovord om Chile. Begge trivst svært godt, og dei ser ikkje vekk frå å forlenge opphaldet.

Les meir om Start-Up Chile her.


Fuente: Karoline Roti   |   Comparta en su red   |   print