Nyversjon av “Et dukkehjem” i Santiago

Última actualización: 21-11-2011 // Ein nyversjon av Ibsen-klassikaren ”Et dukkehjem”, ressigert av Alfredo Castro, vert vist i Teatro La Memoria i Santiago.

I ”Et dukkehjem” har paret Nora og Tovald oppnådd eit ”stabilt forhald” basert på løgner og hemmelegheitar, der Nora befinn seg på slagmarka med strenge og korrupte menn, først med faren og seinare ektemannen.

Stykket er ei forteljing om pengar, middelklasse, korrupsjon, mogelegheitar og metodar nytta av denne klassen for å overleve seg sjølv, hovudsakleg om konflikten mellom etiske plikter og ”plikter” av ein lov utforma og uttenkt av den maskuline makta.

Ibsen-klassikaren, ressigert av Alfredo Castro, hadde premiere 3. November i Teatro La Memoria i Santiago. Ressigøren hadde eit ynskje om å gjere ein nyversjon i forhald til oppsetninga av samme stykke han presenterte i 2006.

-Dette er ein råare montasje, ein versjon eg personleg likar mykje betre, kommenterar Alfredo Castro. Ressigøren har fjerna all sofistikasjon i scena, og personane kan konversere utan at ein ser for mykje spel.

-Eg fjerna alle finessane frå den første versjonen, og ga det eit middelklasseuttrykk. Det bryr meg ikkje at skodespelarane visar ryggen til publikum. Eg ynskjer at stykket skal vere som ein forgrunn for kino, forklarar Castro i eit intervju med avisa La Tercera.

Dei originale skodespelarane frå oppsetninga i 2006, Amparo Noguera, Marcelo Alonso (Krogstad) y Mireya Moreno, har no fått selskap av Claudia Di Girólamo (Cristina), Luis Gnecco (Torvaldo) y Rodrigo Pérez (Doctor Rank).

Foto: Teatro La Memoria

”Casa de Muñecas” spelast i Teatro La Memoria, Bellavista 0503, torsdag til søndag kl 21.00. For reservasjonar tlf 7323000

 


Fuente: Karoline Roti   |   Comparta en su red   |   print